Event
Løft ditt event/ kick-off til nye høgder gjennom eit spektakulært mangfald av aktivitetar og opplevingar. Kort analyse av deltakarane gjev eit individuelt tilpassa program slik at alle skal få utfordringar dei meistrar og livslange minner.
Event
EkstremUtvikling tilrettelegg program for eitkvart høve, frå sosiale arrangement for dei tilsette i ei bedrift til leiarmøter eller møter med kundar/partnarar. Alle aktivitetar og opplevingar er knytta til Voss og omland og inkluderer alle greiner innan ekstremsport, i tillegg til hyggelege smalahovemåltid hjå Ivar Løne eller heimelaga mat servert i gamme på Engjaland gard. Individuelt tilpassa program gjer at alle får utfordringar dei kan meistre, om det er minigolf eller tandemhopp i fallskjerm.
Togturen til Myrdal, syklinga ned Flåmsdalen, helikopterturen til Gudvangen, vikinglandsbyen – og så ein fantastisk middag i grottene. Alt saman store opplevingar, seier Ruzicka til «Hordaland» om det som skjedde fredag kveld. Laurdag og sundag vart minst like gode. Dei 37 frå Canica boltra seg med familierafting, fjelltur til Liaset, parabungee på Vangsvatnet, tandemhopp i fallskjerm, fosserapellering i Skjervsfossen, elvepadling og hesteriding på Engjaland – berre for å nemna noko.
Peter Ruzicka (Adm.dir. Canica) til Avisa Hordaland 18.august 2008