Årets "blåtur"

Sommerfesten du aldri gløymer. Gje dine tilsette ei oppleving fylt av overraskingar og livslange minner. EkstremUtvikling syner deg vegen.

Foto: Vivi Sponland

Blåtur

Tur med overraskingar i ”det blå”. Alle blåturar og event er unike med fokus på trivnad og eineståande opplevingar. Gje dykkar tilsette ei spesiell og minnerik oppleving. 

 

Døme:

Transport med buss til ankomststad. Undervegs på buss turen vert det innlagt stopp med oppvisningshopp med fallskjerm. Ved ankomst garden får de oppleva eit spektakulært demonstrasjonsshow med akrofly. Om ynskjelig er det mogelig med ein passasjer. Vågar du!

 

På garden kan me by på aktivitetar av mange slag som:

- Øksekasting og bueskyting

- Lagbyggingsaktivitetar med varierte utfordringar utanom det vanlege

- Beat for beat. Lagkonkurranse innan musikk

- Country-linedance kurs

- Quiz

- Vandring i naturen

 

Selskapligheter i nyrestaurert låve frå 1880. Garden ligg i naturskjønne omgjevnader omkransa av majestetiske fjell og flott utsyn over fjorden. Menyen er svært variert der det vert servert alt frå tradisjonsrik gardsmat til eigen komponerte menyar. Eksempel:

- Speketallerken/ buffet

- Grilltallerken

- Koldtbord

- 3 retters middag

 

Etter middag vert det spelt opp til dans antan med levande musikk eller DJ. Om ynskjelig legg me og opp til underholdnings innslag med til dømes stand-up komiker.

 

Når det nærmar seg dei seine nattetimar står bussen klar til å skysse dykk attende.

 

Me har og fleire andre alternativer til blåturar. Kva med ei rundreise Bergen-Myrdal-Flåm-Voss-Bergen som inkluderar både tog, sykkel, ribbåt, buss og rafting.

 

Ta kontakt for tilbud