Aktuelt
JUMP AND HUNT:
Er eit produkt for einskilde, vennegjeng eller ei gruppe som ønskjer å gjere litt meir ut av jaktopplevinga enn ein normalt gjer. Frå eigen hage, næraste flyplass eller frå Voss tek me kunden med til nokre av dei flottaste jaktterrenga ein kan tenkja seg, anten det er ein eller annan plass i Sogn og Fjordane eller i Hordaland. Me har fellingsløyve på hjort i år, men vonar å ha det og på reinsdyr neste år. Hjå oss får kunden, i tillegg til jaktopplevinga, eit ubeskriveleg adrenalinbrus gjennom eit tandem fallskjerm hopp kor ein får sjå det vaktreste me har å tilby av natur frå oven, og lander midt i jaktterrenget. I tillegg jakter med frå ein gard, der ein også får andre opplevingar som varm- og kaldrøkt ørret, hjortemiddag og saman med ein varm og nær kontakt med vertsskapet gjer den totale opplevinga til noko ein aldri vil gløyma. Dette er eit EkstremUtvikling prosjekt der idemaker og prosjektansvarlig er Franz Anton Midttun. Kontakt oss på kontaktskjema eller direkte på 90719834.
GLACIER EXPERIENCES
"Extraordinary experiences for ordinary people" - eit produkt, beståande av 3 ulike program i ulike prisklassar, ikkje minst for dei som ønskjer å gjere noko som ikkje so mange har gjort. Frå eigen hage, næraste flyplass eller frå Voss tek me kunden med på ei oppleving som me kan garantere at ein ikkje vil gløyma. Gjennom 3-4 tandem fallskjerm hopp, kor 2-3 av dei vil vera over isbreane Folgefonna, Hardangerjøkulen og/eller Jostedalsbreen vil ein verta godt van med å kjenne adrenalinbruset i kroppen. Saman med det beste ein kan tilby av mat, vin og overnatting i desse områda, er ein med på noko uvanleg. Andre aktivitetar som er ein del av dei ulike programma er skikøring, fiske, skyting, jakt på hausten, kajakk samt ribbåt, yacht tur og "Norway-In-A-Nutshell" eller "Norway-In-A-Helishell". Kontakt oss på kontaktskjema eller direkte på 90719834.