Endringsprosessar

EkstemUtvikling tilbyr læring om endringsprosessar og leiartrening, med trygge opplevingar i ekstreme miljø på Voss.

Foto: Voss Rafting Senter

Endringsprosessar

Endringsprosesser er som regel alltid eit resultat av endra krav til bedrifta eller endra forutsetningar i marknaden. Desse prosessene skapar ofte friksjon, og vert ofte opplevd som smertefulle og utfordrande for den vanlige arbeidar, særskilt dersom det er snakk om nedbemanning i verksemda.

I slike prosessar er leiaren ofte åleine om gjennomføringa, og han/ho har klare krav om måloppnåing frå sine styre. I tillegg er det nesten alltid interessekonfliktar i organisasjonen som leiaren må forhalde seg til, altså krav frå to frontar.

 

Unngå friksjonar

For å bekjempe friksjonar og usikkerheit i organisasjonen, samt oppretthalde vanleg produksjon under slike prosessar, er det særs viktig at endringsprosessar vert varsla og adressert rettidig og ærleg. Dette krev godt samarbeidsklima i alle ledd i bedrifta, grundig planlegging og gode konsekvensanalysar før ein føretek sine vegvalg. Slik sett er endringsprosessar kanskje den mest krevjande oppgåve ein leiar kan få ansvar for.

 

Me i EkstremUtvikling har derfor gjeve dette tema mykje merksemd i vår produktutvikling, og me tilbyr bedriftsstyrer og leiarar i næringslivet særs god støtte til gjennomføring av alle typer endringsprosessar.

Dette gjer me gjennom godt kvalifiserte veiledarar og tilgjengeleg spisskompetanse som er relevant for den einskilde bransje.

Kontakt oss