Leiartrening
EkstemUtvikling tilbyr leiartrening med trygge opplevingar i ekstreme miljø på Voss.
Leiartrening
Alle forventar at leiaren trenar og dyktiggjer sine tilsette, men kven trenar leiaren?
Bedriftsleiarar treng som alle andre fagleg og sosialt påfyll. Dette er eit område det ikkje er sett nok fokus på.
Me kjenner alle argumenta for å la dette liggja, eller ta det ved eit seinare høve når det passar betre, men me opplever stadig at dette høvet aldri kjem, dette fordi leiaren sluttar, går lei, sluttar å bry seg, eller rett og slett gjer så godt han/ho kan utan fagleg eller sosialt påfyll. Tener dette verksemda? Me trur ikkje det, og difor har EkstremUtvikling utvikla sine eigne leiartreningsprogram med utgangspunkt i vår eigen metode.
I vår metode nyttar me moderne, anerkjend kunnskap innan leiing, pedagogikk og organisasjonspsykologi. Me lærer våre elevar meir om angsttoleranse, stressmeistring, aktivitetspsykologi og me brukar adrenalinfrigjevande aktivitetar der me i korte sekvenser flyttar våre elevar kontrollert ut fra eigen komfortsone som eit relevant og viktig verkemiddel til personleg utvikling.
Slik trenar me våre elevar til å kunne meistre vanskelege situasjonar, noko som ofte kan være relatert til dagleg virke. Relevant TRENING aukar sjansen for at ein gjer dei rette valga i kritiske situasjoner.
Det er utvikla 2 kurs innan leiartrening, eit for mellomleiarar og eit for toppleiarar. I tillegg tilbyr me to spesielle kurs innan stressmeistring og prestasjonsutvikling.