Stressmeistring modul A
Å handtere uventa episodar, å ha for mykje å gjera, å la seg påverke av omgivelsane. Alt dette fører til opphoping av følelsar. Stress.
Les meirKurs i stressmestring
MODUL A
Alt du utset deg sjølv for mentalt, festar seg i kroppen din. Langvarig "rovdrift" medfører nedsett yteevne både fysisk og psykisk, så sjølv om du føler du arbeidar hardare og hardare, blir mindre og mindre faktisk utretta. Sjukdom og muskelplager, søvnproblem og manglande evne til å stengje av er som regel resultatet. Vi har alle ulike tersklar for kor mykje belastning vi tåler av ulike slag.Samanhengen mellom kropp og sjel og kroppens eige energisystem, gjev uansett nøkkelen til korleis du sjølv kan ta tilbake kontrollen, og samtidig trena deg til høgare tålegrenser
Stressmestring - Fokusering - Bedre helse
Kva er stress, og kva gjer det med kroppen din ?
Korleis påverkar stress pusten og korleis kan DU ta kontroll.
Pusteøvelsar i praksis, for økt fysisk kapasitet.
Ulike typer energi: Mental, Fysisk, Emosjonell
Integrering av teknikkar i kvardagen.
Hald kroppen frisk og i stand til å kunne fornya seg.
Balanse mellom aktivitet og kvile, kropp og sinn.
Pusteøvelsar i praksis, for auka mental toleranse og stressmestring.
Personleg vegleiing til kvar og ein, for riktig utøvelse av teknikkane.
Sjaak Bleylevens er frå Nederland og arbeider med samanheng mellom kropp og sjel, frå klassisk Yoga til høgaste nivå innan Thai-kroppsbehandling. Han har bakrgunn i Thai Chi, Chi Kung, Kinesologi og Chi Nei Tsang, Internal Organ Detox.
I Norge har han allereie undervist ved ma.Toppidrettsgymnaset i Bærum, Sunnivasenteret i Skien og på Solstrandseminara i Os.
Til dagleg lever han sjølv eit avstressa liv på ein nydeleg liten gard i fjella bak Alicante i Spania, og slår berre på mobilen når han sjølv føler for det.
Attende til organisasjonsutvikling