Teambuilding
EkstremUtvikling tilbyr teambuilding/ samhandlingsseminar, med trygge opplevingar i ekstreme miljø på Voss.
Teambuilding
I moderne leiing er det å leie gjennom Team eit velkjend og godt prinsipp. Teamet trekkjer det beste ut av den einskilde medarbeidar og aukar forståinga for andre sine utfordringar, samstundes som gruppesynergien blir eit tyngdepunkt til bedrifta sitt beste.
For at slike treningar skal ha nokon verdi meinar me i EkstremUtvikling at me må halde oss til ekte problemstillingar i ekte miljø, der me har med oss både dei positive og dei negative eigenskapane hjå den einskilde deltakar. Dette bør gjerast i ein omgjevnad der "mørket" gjer det MØRKT og "regnet" gjer deg VÅT. Me endrar altså ikkje elementa eller for den saks skuld naturgjevne farer, men elementa vert trygge arenaer der det er lov å være både redd og våt
Og ein ting veit me sikkert: TRENING er veldig nyttig for den som vil meistre.
Du treng på ingjen måte væra verken stor, sterk eller "gal" for å trivast og ha nytte av våre samhandlingsseminar, men det er ein fordel at du vil læra meir om å løyse utfordringar i nært samarbeid med andre eller i det minste vera viljug til å forsøka.
EkstremUtvikling leiar dykk gjennom dei utfordringar me i felles planleggjing finn rett for akkurat di bedrift å ta fatt på.
Me leiar gjennom våre rettleiarar som har "vore der" og som verkeleg har den kompetansen som skal til for at dykkar trening vert krona med suksess.