Metodar

Ekstremutvikling har i samarbeid med kjende forskarar utvikla eigne metodar for å tilføre læring i eit trygt miljø fullt av adrenalin og ekte opplevingar

Foto: Lars Erik Skjervheim

Metodar

Som ein av fleire tilbydarar innan organisasjonsutvikling og leiartrening, vil me skilje oss frå resten på fleire viktige felt. Her kan me raskt nemna:

 

Adrenalinfrigjevande aktivitet i kombinasjon med anerkjende læringsprinsipp

Me nyttar adrenalinfrigjeving i kombinasjon med anerkjende prinsipp for læring i oppdragsløysing. Dette for å forsterka minnet og skapa attkjenning av situasjonar slik at våre elevar kan ta riktige avgjerder i kritiske situasjonar fordi dei er trent til akkurat dette.

 

Plan- og Beslutningsprosess EkstremUtvikling (PBP - EU)

Me nyttar aktivt PBP - EU som metodeverktøy i all problemløysing, dette verktyet er me åleine om å nytta i norsk næringsliv.

 

Sertifiserte instruktørar

Me nyttar kun instruktørar med pedagogisk bakgrunn og merittliste som sikrar god oppfølgjing av den enkelte elev.

 

Naturen som klasserom

Vårt klasserom er naturen og elementa. Difor leverer me alltid ekte opplevingar, i ekte miljø. Alle våre aktivitetar blir overvaka, veileda og tilpassa den einskilde elev av topp kvalifiserte instruktørar, som verkeleg beherskar elementa. Gjennom dette vert ei skremmande stupbratt og snødekt fjellside, eller ein frådande foss til ein "trygg arena" for våre elevar.

 

Samarbeid med nasjonale ekstpertar

Me samarbeider med dei fremste nasjonale ekspertar innan fagområda Leiarskap & Pedagogikk - Organisasjonspsykologi - Leiing og Aktivitetspsykologi. Dette sikrer oss den spisskompetanse fagområda krev for at me skal vera i front innan bransjen.

Kontakt oss