EkstremUtvikling

Me ynskjer å nytta "ekstremsporten" til å utvikle menneske ved å la dei bryte sine eigne grenser. Me formidlar lokale natur- og kulturbaserte opplevingar i kombinasjon med den effekten "ekstremsport" har på sanseinntrykka.

Foto: Svein Ulvund

Om ekstremutvikling

EkstremUtvikling har spesialisert seg på å skreddarsy pakkar innan eit breidt spekter av aktivitetar. Målsetjinga vår er å gje kunden ei unik oppleving i alle elementa. Elementa er jord, luft, eld og vatn. Gjennom adrenalinfremjande aktivitetar tilfører me læring til einskildmennesket og gjer dei opplevingar som dei vil hugse for resten av livet. Me utfordrar menneska sine eigne grenser i trygge omgjevnader i lag med solide instruktørar. Å kjenne på følelsen av meistring er å vekse som menneske!

 

Verdi grunnlag

Verdiane våre er styrande for det EkstremUtvikling driv med og er det som motiverar oss til innsats og gode prestasjonar. Verdiane våre hjelper oss til å drive verksemda vår på ein rett måte, og fortel korleis me skal samarbeide internt og eksternt.

Les meir om våre verdiar