Verdigrunnlag

Skal du finne leikens innerste vesen,

hensikt og verdi,

så må du finne den i leik....

Foto: Svein Ulvund

Verdigrunnlaget vårt

EkstremUtvikling arbeider kontinuerlig med å verta ein endå betre organisasjon for tilsatte, instruktørar, leverandørar og kundar. Dette arbeidet er basert på dei verdiane som skal gjennomsyre alt det EU gjer - på kontoret, på møterommet, hjå kunden , i elementa og ute i det offentlege rom.

 

Våre tilsette- vår største verdi

EkstremUtvikling ser på sine tilsette som sin aller største verdi, og den desidert viktigaste innsatsfaktoren. Me vil difor alltid halde fokus på pleie og utvikling av den einskilde medarbeidar. Gjennom stadig tilføring av kunnskap, vil empati, tillit og ansvar avle eit fyrsteklasses arbeidsmiljø.

Skal EkstremUtvikling veksa og verta leiande i bransjen er me sikre på at våre tilsette er nøkkelen som vil gje oss denne posisjonen. I samspelet mellom dyktige empatiske medarbeidarar, gode metodar og krav til måloppnåing, vil våre kundar vera sikra målbare forbetringar.

Verdiane er kjernen i det EU driv med og dei motiverar oss til innsats og gode prestasjoner. Dei rettleiar oss i korleis me driv verksemda, og korleis me samarbeidar internt og eksternt.

 

Me er forplikta til verdiane våre både i ord og i handling. 

Gjennom verdiane skal me byggja EkstremUtvikling.

 

Våre verdiar:

Opne, Inkluderande, Audmjuke, Ærlege, Trygge, Engasjerte, Lojale, Enkle og Trivelege

 

kontakt oss